Askvoll helsestasjon har tilbod om svangerskapsomsorg til alle kvinner som er busett eller oppheld seg i Askvoll kommune.
Jordmor er interkommunal, og jobbar i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen:
Helsestasjonen er ein del av kommunen sitt helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot gravide, barn 0 – 5 år og foreldra deira.
Helsestasjonen er eit gratis lågterskeltilbod der foreldre kan henvende seg med små eller store utfordringar. Det betyr at du kan ta kontakt eller møte opp på helsestasjonen utanom faste avtaler. Vi legg vekt på ulike tema etter alder på barnet, men foreldra sine spørsmål og behov er sentralt i konsultasjonen. Sjå konsultasjonsplan for barn 0 – 5 år her.
Du kan be om tolk via telefon dersom du har behov for det.
Meir informasjon finn du på heimesida til kommunen:
Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta i Askvoll kommune omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse.
Tilbodet er gratis og dei tilsette har teieplikt.
For meir informasjon, sjå heimesida til kommunen:
Skulehelsetenesta.
Lurer du på noko? Har du det vanskeleg? Treng du nokon å prate med?
Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit drop-in-tilbod for både gutar og jenter mellom 13 og 20 år og er eit supplement til skulehelsetenesta.
Kvar tysdag mellom 14.00-15.30 er helsestasjon for ungdom open. Vi har teieplikt.
Det er inga timebestilling, og tilbodet er gratis.
For meir informasjon, sjå heimesida til kommunen:
Helsestasjon for ungdom.
Oversikt over barnehagar og skular i Askvoll kommune finn de på heimesida til kommunen:
Barnehagar og skular
PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Høyanger.
PP-tenesta er sakkundig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp i barnehage. PP-tenesta skal også hjelpe skulen for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.
Meir informasjon om tenesta og relevante dokument er tilgjengeleg på fellessida til PPT for Ytre Sogn og -Sunnfjord.
HAFS Barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Barnevernstenesta held til på kommunehuset i Dale, Fjaler.
Hovudoppgåva til barneverntenesta er å bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår. Born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, skal få naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
Både kommunane og staten har oppgåver og ansvar på barnevernområdet. Born som har særlege behov, skal først og fremst få hjelp i sin eigen heim. Dersom det ikkje er nok å gje hjelpetiltak i heimen, kan eit tiltak vere at barnet for ein periode bur i fosterheim eller institusjon. Barneverntenesta skal i slike tilfeller alltid undersøkje om det er mogeleg for barnet å bu saman med nokon i slekt eller i nettverket sitt.
Familievernkontoret gjev tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling.
Familievernkontoret er opent og tilgjengeleg for alle. Du treng ikkje henvising for å komme til oss. Tilbodet er gratis.
Les meir om tilbodet her:
https://www.bufdir.no/familie/familievernkontorer/oversikt/sunnfjord-og-sogn/
Krisesenteret tilbyr beskyttelse, tryggleik, råd og rettleiing til alle kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Du treng ikkje vere i ei akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.
Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:
- Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
- Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
- Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
- Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar
Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.
http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gir informasjon om kor lite du skal finne deg i.
Barn og unge skal ha ein levestandard og livsvilkår som er tilstrekkeleg for barnet si fysiske, psykiske, åndelige og sosiale utvikling. Barn og unge er spesielt sårbare i vanskelige situasjoner, og NAV-kontoret må sørge for at deira særskilte behov blir ivaretatt i familiens møte med kontoret. Samarbeid med andre instanser vil ofte være nødvendig for å få et helhetlig og samordnet tjenestetilbud; for den enkelte familie og i generell tilrettelegging og forebygging i lokalsamfunnet.
Flyktningtenesta i Askvoll kommune har ansvar for mottak, etablering og god integrering av nye flyktningar i kommunen.
Du kan lese meir om Flyktningtenesta på kommunen sine heimesider:
Flyktningtenesta.
Fysioterapi.
Menneske i alle aldersgrupper, som grunna skade, sjukdom, funksjonsvanskar eller andre livsendringar, har vanskar med å meistre eigen kvardag, kan få tilbod om ergoterapi.
Les meir på heimesida til kommunen: Ergoterapitenesta.
Askvoll tannklinikk finn du i Askvoll sentrum.
For informasjon om Vestland Fylkeskommune si tannhelseteneste, sjå her:
Tenesta er eit tverrfagleg team som er samansett av psykiatrisk sjukepleiar, sosionom og barnevernspedagog, alle har kontor i Sentrumsgarden. Dei har lang erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseplager, psykiske lidingar, rusutfordringar og avhengigheit.
Tenesta si målgruppe er unge og vaksne frå 16 år.
For meir informasjon, så kommunen si heimeside: Psykisk helse- og rusteneste.
Førde BUP gir tilbod til born, ungdom og familiane deira i kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Solund og Sunnfjord.
Tilbodet består av ulike typar tverrfagleg utgreiing- og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage med meir.
Dei vanlegaste tilstandane som vi behandlar er: Angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traume, eteforstyrringar og anna.
